Faktaartikkel

Fakta om jordbær-bladkrøllevirus

Publisert 07.06.2021     Sist endret 07.06.2021

Jordbær-bladkrøllevirus (Strawberry crinkle virus / Strawberry crinkle cytorhabdovirus) er eit alvorlege plantevirus som potensielt kan føre til store avlingstap i jordbær. I Norge vart viruset for første gong påvist i 2017. Viruset blir spreidd med plantemateriale og med bladlus. Den viktigaste vektoren, lita jordbærbladlus (Chaetosiphon fragaefolii), er hittil ikkje etablert her i landet.

Nøkkelinformasjon:

Status regelverk: Viruset er oppført på vedlegg 2 i forskrift om plantehelse og forbode å spreie med plantemateriale av jordbær.  Forskrifta har også  særskilte krav til fråvær av viruset ved  innanlandsk produksjon og omsetnad av jordbærplanter. Tilsvarande må jordbærplanter ved import til Noreg vera fri for viruset og innfri visse kvalitetskrav (plantehelseforskrifta vedlegg 4A). Mattilsynet kan fastsetje tiltak for å hindre introduksjon og spreiing av viruset.  EU har regulert viruset som ein RNQP (regulated non-quarantine pests) (Annex IV) med null-toleranse ved omsetnad av jordbærplanter innan EU.  

Symptom: Milde virusstammer er symptomfrie i dei fleste jordbærsortar, medan aggressive virusstammer vil gje tydelegare symptom  i sensitive jordbærsortar. Viruset kan forårsake  uregelmessige gule (klorotiske) flekkar og bulkete vekst i blada samt misvekst i blomsten i jordbærplantene.   

Skadepotensial: Åtak i jordbær kan føre til redusert vekst og avlingstap. Skadeomfanget vil variere med ulike stammer av viruset, og med jordbærsort, men sjølv milde åtak kan føre til avlingsnedgang. I litteraturen er det rapportert om avlingstap på 12-64 %. Ofte opptrer jordbær-bladkrøllevirus i ein blanda infeksjon med andre plantevirus i eit jordbærfelt, og dette kan forsterke effekten av viruset. Jordbær frå planter med smitte er ikkje farleg å ete. 

Inspeksjonsmetode: Visuell kontroll av plantene vil  avdekke smitte i mottakelege sortar, men nokre jordbærsortar vil ikkje vise tydelege symptom. For sikker identifikasjon er det nødvendig med analyse av planteprøvar i eit laboratorium.

Aktuelle tiltak ved funn: Mattilsynet kan gje pålegg om tiltak for å nedkjempe og isolere smitte for å hindre at viruset vert spreidd. I planteproduksjon kan det vare aktuelt med omsetnadsforbod, pålegg om smittesporing, destruksjon av planter og pålegg om hygienetiltak i felt/veksthus.

Ved funn i bærfelt kan det vera aktuelt med pålegg om å nedkjempe lusebestand i bærfeltet. Ved stor smittefare, td vurdert ut frå vektorsituasjonen i feltet og avstand til andre jordbærfelt, kan det vera aktuelt med pålegg om kort omløpstid/destruksjon av planter.

Spreiingsvegar: Viruset er bladlusoverført med lita jordbærbladlus (Chaetosiphon fragaefolii) som  den viktigaste vektoren. Lita jordbærbladlus er ikkje kjent etablert her i landet. Av bladlusartar vi har i Noreg er salatrotlus (Hyperomyces lactucae) og tverrstripa veksthusbladlus (Myzus ornatus) i litteraturen nemnd som potensielle vektorar. Viruset blir også spreidd med planter og plantedelar (utløparar), men ikkje med kontaktsmitte, frø eller pollen.

Vertplanter: Viruset er berre kjent frå artar i slekta Fragaria: dyrka jordbær - F. ananassa, og vill-jordbærartane F. vesca, F. virginiana og F. chiloensis.

Overvaking og kartleggingsprogram: Mattilsynet gjennomførte i 2017-2018 eit overvaking- og kartleggingsprogram der det blei tatt ut stikkprøvar i norske jordbærfelt etablert på importerte planter.  Jordbær-bladkrøllevirus vart påvist på tre lokalitetar. Lita jordbærbladlus vart ikkje påvist. 

Utbreiing: Viruset er vidt spreidd både i og utanfor Europa, og det same gjeld for vektoren lita jorbærbladlus. Verken viruset er vektoren er offisielt rapportert som etablert i dei skandinaviske landa (EPPO Global Database).

Tiltak for å hindre smitte i bærfelt: Som førebyggjande tiltak er det viktig med god mottakskontroll av innkjøpt plantemateriale. Bærprodusenten bør ha tett dialog med planteleverandør for å sikre at innkjøpte planter er friske og innfrir krava i plantehelseregelverket. Korte omløp og destruksjon av plantemateriale i gamle felt er også eit viktig risikoreduserande tiltak. Funn skal meldast til Mattilsynet.

Meir om jordbær-bladkrøllevirus.

Jordbær-bladkrølleviurs (plantevernleksikonet.no)

EPPO Global database: Strawberry crinkle cytorhabdovirus (SCRV00)

Fant du det du lette etter?