Kunngjøring

Påvist jordbær-bladkrøllevirus i Agder

Publisert 07.06.2021     Sist endret 07.06.2021

Det er påvist jordbær-bladkrøllevirus (andre namn: Strawberry crinkle virus, Strawberry crinkle cytorhabdovirus) i jordbærplanter av sorten Honeoye i eit gartneri i Agder.

Plantene er produsert på importerte småplanter og seld til privathagemarknaden. Verksemda har fått pålegg om å destruere alle jordbærplanter dei har igjen i gartneriet.

Det er ein generell risiko for at ulike plantevirus kan følgje med ved import av jordbærplanter. Yrkesdyrkarar må ha spesiell merksemd på observasjonar av lita jordbærbladlus og teikn på virus i plantene. Varsle Mattilsynet dersom du har mistanke om virussmitte eller lita jordbærbladlus.

Det er ikkje farleg å ete jordbær frå planter med virus.

Symptom og skade

Jordbær-bladkrøllevirus er ein alvorleg virussjukdom på jordbær. Symptoma kan variere, men kan vise seg som gule flekkar i blad, rynkete blad og avlingstap. Du kan lese meir om jordbær-bladkrøllevirus på våre nettsider Fakta om jordbær-bladkrøllevirus.

Spreiing

Smitten spreier seg i hovudsak med smitta planter og liten jordbærbladlus (Chaetosiphon fragaefolii). Liten jordbærbladlus er foreløpig ikkje etablert her i landet, og dermed er det liten risiko for at jordbær-bladkrøllevirus skal spreie seg vidare. Du kan lese meir om liten jorbærbladlus på våre nettsider.

Fant du det du lette etter?

Kontaktinformasjon

Region Sør og Vest: Marit Larssen Sekse, tlf. 22 77 86 47 eller 911 86 566

Hovudkontoret Are Tømmerberg Sletta, tlf. 22 77 91 36 eller 916 07 282


Kontaktinformasjon

Region Sør og Vest: Marit Larssen Sekse, tlf. 22 77 86 47 eller 911 86 566

Hovudkontoret Are Tømmerberg Sletta, tlf. 22 77 91 36 eller 916 07 282