Regelverk om tang og tare til bruk som mat
Det er lite av matregelverket som handlar spesifikt om tang og tare. Dette har ført til at ulike EU/EØS-land handterer produkt laga av tang eller tare ulikt.
Det er utarbeidd lite spesifikt regelverk som regulerer tang og tare, men det generelle regelverket som gjeld for produksjon og omsetning av mat, gjeld også for mat basert på tang og tare.
Det er eit generelt prinsipp i matlova at det er ansvaret til verksemdene at produkta er trygge. Dette er spesielt viktig for nye artar og produkt når kunnskapsgrunnlaget om mattryggleik er mangelfullt og det er lite spesifikt regelverk.
Visse artar eller produkt av tang og tare til bruk i næringsmiddel kan vere forbodne å omsette innanfor EØS ifølgje reglane i ny mat-forskrifta. "Ny mat" er næringsmiddel som ikkje i vesentleg grad har blitt brukte til konsum hos menneske i Noreg eller dei andre EØS-landa (inkluderer EU) før 15. mai 1997.
Nokre norske artar av tang og tare er ikkje ny mat, mens for andre har ikkje status blitt bestemt.
Les meir om ny mat og status til ulike artar
EU jobbar med å utvikle regelverk for mat basert på tang og tare, med blant anna grenseverdiar for uønskte stoff. Noreg deltar aktivt, blant anna med data på jod og metall.
Det vil ta tid før eit regelverk er på plass. I mellomtida blir næringsaktørane tillagde eit spesielt ansvar for å sikre at produkta som blir selde, er trygge.
I mangel av spesifikt regelverk handterer EU/EØS-landa produkt baserte på tang eller tare ulikt. Fleire produkt er melde inn som helsefarlege via det europeiske meldesystemet RASFF – særleg på grunn av høgt jodinnhald. Noreg er ein del av RASFF-systemet, med Mattilsynet som kontaktpunkt.
Du finn aktuelle RASFF-meldingar om tang og tare ved å skrive for eksempel "seaweed" eller "algae" i søkefeltet på EU-kommisjonens RASFF-portal (webgate.ec.europa.eu).
Det er heller ikkje utvikla internasjonale standardar eller anna materiell på tang og tare under Codex Alimentarius, men det har vore diskusjonar om behovet for og ønske om å starte eit arbeid på dette i fleire år.
Mattilsynet har ikkje oversikt over alle internasjonale reglar. Viss du skal eksportere, er det ditt ansvar å undersøke kva reglar som gjeld i importlandet. Reglar for jodinnhald kan for eksempel variere i ulike land.
Du finn meir informasjon om eksport og samhandel i rettleiaren.