Fakta om Infeksiøs hematopoetisk nekrose (IHN)

Publisert 28.05.2013     Sist endret 28.05.2013

Infeksiøs hematopoetisk nekrose er ei samnemning for fleire alvorlege og smittsame virusinfeksjonar som kan ramme regnbogeaure og annan laksefisk. Diagnosen har ikkje vore påvist i Noreg.

IHN kjem av eit Rhabdovirus og har først og fremst vore eit problem i ferksvannsoppdrett med yngel og settefisk av regnbogeaure, men det finnest og tilfelle med funn på atlantisk laks i sjøen.

Mattilsynet skal varslast

IHN står på lista over ikkje-eksotiske sjukdommar – liste 2 – i vedlegget til fiskesjukdomsforskrifta. Det inneber at Mattilsynet skal varslast ved mistanke om eller påvist sjukdom. Restriksjonar i form av vedtak frå Mattilsynet om utslakting eller destruksjon og brakklegging vil vere aktuelle ved mistanke eller påvising av IHN.

Overvaking

Mattilsynet har i samarbeid med Veterinærinstituttet overvakings- og kontrollprogram for IHN som inneber at oppdrettsanlegg med laksefisk blir testa med jamne mellomrom for denne sjukdommen. Funn er også meldepliktig til EU og Verdens dyrehelseorganisasjon.

Sjukdomsteikn

Namnet IHN har samanheng med at sjuk fisk gjerne er karakterisert ved omfattande celledød i bloddannande vev. Viktige kliniske teikn er i første omgang ofte nervøs og uroleg fisk som etter kvart blir sløv. Auga blir utståande med blødningar omkring (auga) i hud og muskulatur. Buken kan vere utspilt med væske.  

Hjå yngel, som blir ramma hardast, kan dødelegheita kome opp i 80-90 prosent. Hjå større fisk er dødelegheita betydeleg lågare. Sjukdommen førekjem oftast ved temperaturar mellom 8 – 15 grader. Det er ikkje lov å vaksinere mot IHN i Noreg.

IHN kjem opphavleg frå vestkysten av USA og Canada og er seinare funne i Japan, Chile og fleire europeiske land.

Les meir: Veterinærinstituttet: Fakta om Infeksiøs Hematopoetisk Nekrose (IHN)

Fant du det du lette etter?