Tema

Koi herpesvirus – KHV

Publisert 29.01.2018     Sist endret 11.03.2019

Dette herpesviruset angrip karpefisk og er tilnærma 100 prosent dødeleg for fisken.

Herpesviruset er smittsamt blant karper og representerer derfor i første rekkje ei problemstilling for zoobutikkar og akvariebransjen.  Typiske teikn på sjukdommen er skada vev på gjellene. Blødande gjeller, innsokne auge eller flekker på skinnet kan også førekomme.

Det finst ikkje behandling for sjukdommen og fisk som blir smitta får sjukdommen for livstid. Smitta fisk blir destruert.

Denne fiskesjukdommen er listeført som ikkje-eksotisk sjukdom etter forskrift om smittsame sjukdommar, akvatiske dyr. Mistanke om sjukdommen skal meldast til Mattilsynet.

Regelverk og veiledning

Kontakt oss

Mattilsynets sentralbord
telefon 22 40 00 00