Viral nervevevsnekrose (VNN) / Viral encephalopati og retinopati (VER)

Publisert 02.07.2013     Sist endret 02.07.2013

Infeksjon med nodavirus fører til VNN/VER hjå ei rekke marine fiskearter og kan ramme både villfisk og oppdrettsfisk. Sjukdommen er funnen på kveite, piggvar og torsk i Noreg.

VNN/VER er listeført som nasjonal sjukdom og mistanke om denne sjukdommen skal straks meldast til Mattilsynet. Mattilsynet kan treffe vedtak om smitteførebyggande tiltak med heimel i forskrift om smittsame sjukdommar, akvatiske dyr.

Nodaviruset fører til øydelagt nervevev i hjerne, ryggmarg og auga. VNN/VER gir høg dødelegheit, særleg for larvar, yngel og ung fisk. Avvikande symjeåtferd (spiralsymjing) kan vere teikn på sjukdom. Det finnest ikkje effektiv behandling for denne sjukdommen.

Den viktigaste smittekjelda er annan sjuk fisk, men det er vist i forsøk at viruset også kan smitte vertikalt. Viruset er svært motstandsdyktig og kan overleve lenge i sjøen.

Viktige førebyggande tiltak i drift på anlegg er smittehygieniske tiltak og gode driftsrutinar på alle nivå, samt bruk av stamfisk som er dokumentert smittefri.

Nodaviruset fann vi første gang i Noreg i 1995. Dei siste åra er VNN/VER påvist ein gong. Det var på eit kveiteoppdrettsanlegg som no er nedlagt.

Fant du det du lette etter?

Kontaktinformasjon

Magnhild Daltveit, seniorrådgiver, seksjon fiskehelse og fiskevelferd, regionkontoret Hordaland og Sogn og Fjordane, tlf. 55 21 57 33


Kontaktinformasjon

Magnhild Daltveit, seniorrådgiver, seksjon fiskehelse og fiskevelferd, regionkontoret Hordaland og Sogn og Fjordane, tlf. 55 21 57 33