Faktaartikkel

Mattilsynet endrar praksis ved oppheving av bekjempelsessoner i kontrollområde for infeksiøs lakseanemi (ILA)

Publisert 07.06.2021     Sist endret 07.06.2021

Endringa går ut på at bekjempelsessona og overvakingssona blir oppheva når vilkåra for å oppheve bekjempelsessona er oppfylt. Samtidig vil det bli oppretta ei ny overvakingssone.

Den nye overvakingssona vil som hovudregel utgjere det same området og dei same lokalitetane som har vore omfatta av bekjempelsessona. Det kan likevel vere tilfelle der det er formålstenleg og nødvendig med ei utvida overvakingssone, slik at sona også vil kunne omfatte lokalitetar og område som var ein del av eller utgjorde heile den tidelegare overvakingssona. Den nye overvakingssona vil gjelde i minst to år frå det tidspunktet bekjempelsessona blir oppheva.

Den nye praksisen er ikkje i samsvar med mal for kontrollområdeforskrift for ILA. Mattilsynet har derfor kome til at oppheving av bekjempelsessone etter ny praksis, inntil vidare, må sendast på særskilt høyring i forkant av fastsetting. Mattilsynet vil i kvart tilfelle arbeide for at høyringsprosessen er gjennomført innan bekjempelsessona blir oppheva. Det kan likevel vere tilfelle der ei mindre overvakingssone ikkje er klar for fastsetting på eit så tidleg tidspunkt. I slike tilfelle vil bekjempelsessona opphevast etter tidlegare praksis. Ny overvakingssone vil deretter bli gjort gjeldande så snart høyringa er gjennomført og endringa er fastsett.

Ny praksis samsvarar med Faglig beredskapsplan: Infeksiøs lakseanemi, sjå kap. 1.4.3.2.9.

Praksisen blir gjort gjeldande frå og med 10. mai 2021, og vil gjelde til ny mal for kontrollområdeforskrift for ILA er fastsett

Fant du det du lette etter?