Kunngjøring

Mattilsynet har gitt tre oppdrettsanlegg varsel om mellombels redusert produksjon

Publisert 13.02.2020     Sist endret 14.02.2020

Mattilsynet har sendt ut varsel til to oppdrettsanlegg på Sunnmøre og eit på Flatanger i Trøndelag om at Mattilsynet vurderer å vedta mellombels redusert produksjon på anlegga. Bakgrunnen for varsla er langvarige luseoverskridingar.

Varsla gjeld desse anlegga:

Selskapa har uttalerett før det eventuelt vert fatta vedtak.

Om tiltaket mellombels redusert produksjon

Mattilsynet kan gi oppdrettarar som har hatt langvarige eller alvorlege lakselusproblem mellombels redusert produksjon Perioden med redusert produksjon vil minimum gjelde for to år og dekker den neste produksjonssyklusen på lokaliteten.

Målet med verkemiddelet er å få oppdrettarane til å tilpasse drifta til smittepress, førebyggjande tiltak og kapasitet for behandling og slakting. 

Oppdrettarar som får midlertidig redusert produksjon kan auke den igjen når dei har vist at dei har kontroll og klarer å halde seg under lakselusgrensa.

Oversikt over lokalitetar som har fått varsel eller vedtak om mellombels redusert produksjon pga. lakselusproblemer

Fant du det du lette etter?

Kontaktinformasjon

Mattilsynets pressevakt. Tel 46 91 29 10


Kontaktinformasjon

Mattilsynets pressevakt. Tel 46 91 29 10