Primærproduksjon – dyrking

Publisert

Produksjonsjorda

Produksjonsjorda er første ledd i matkjeda og ein viktig del av grunnlaget for trygg mat. 

Gjødsel og anna du tilset jorda skal ikkje bidra til forureining. Det er avgrensa kor mykje organisk materiale du kan spreie på eit område. Du kan bruke ubehandla husdyrgjødsel frå eigen gard eller frå gardar i same fylke dersom du har godkjent spreieareal. Ver merksam på at område med alunskifer i jorda kan gi høgt innhald av kadmium i produkta.

Forureining frå omgivnadene

Du må vurdere om det er noko som kan påverke kvaliteten på sluttproduktet, og gjere tiltak for å hindre denne forureininga. Eksempel på aktuelle kjelder er flaum, avrenning frå forureina område, turisme og avføring frå ville dyr. Ved dyrking av spiseklare vekstar i område med mykje folk, kan det vere nødvendig å skjerme vekstplassen. 

Vatn 

Vatn skal ikkje vere kjelde til forureining. Du skal kjenne til vasskvaliteten, og det er ofte nødvendig å ta prøvar. Du må vurdere kva for vatningsmetode og vasskvalitet du kan bruke ulike stader i produksjonen. Spiseferdige produkt krev særskilt god vasskvalitet både til vatning og til vasking. Ved vidareforedling av råvarer skal vatnet ha drikkevasskvalitet.

Råd og krav til deg som har drikkevatn frå eiga vasskjelde

Hygiene

Lokala skal vere tilpassa råvarene du handterer og ha vaskbare overflater der det er naudsynt. Det skal vere rutinar for reingjering av til dømes lokale, kassar og utstyr.

Du må ha eigna utstyr for vask av hender, og rutine for personleg hygiene.

Ved handtering av spiseferdige produkt må det vere tilgang til toalett og handvask med rennande vatn i nærleiken av arbeidsområdet.

Har du tilsette, må du sikre at dei er ved god helse og at dei har fått opplæring i hygienereglane på garden.

Biologiske gifter

Patulin 

Nedfallsfrukt eller frukt og bær med skadar skal du ikkje bruke til vidareforedling på grunn av fare for muggsoppgifta patulin i produkta. Patulin førekjem først og fremst i mugne eple og pærer, men kan også vere ein fare i blåbær.

Patulin vert danna av nokre sortar muggsopp. Muggsopp utviklar seg fort, og giftstoffet blir spreidd i heile frukta, sjølv om delar av frukta er utan synleg skade. Giftstoffet har verken smak eller lukt og vert ikkje øydelagt ved varmebehandling eller frysing.

Fenylhydrazin 

Dette er eit giftstoff både i dyrka og vill sopp, til dømes sjampinjong. Det meste av giftstoffet vert fjerna ved god varmebehandling. Generelt skal ein koke eller steike all sopp før bruk. 

Solanin 

Poteter som blir utsett for mykje lys eller slag, dannar glykoalkaloider. Det mest kjende giftstoffet er solanin. Grønfarge som berre går litt inn i poteta kan ein skrelle bort, medan heilt grøne poteter skal ein ikkje bruke. 

Les meir i Veileder om kjemiske forurensninger i mat (PDF) og om Biologiske gifter.

Restar av plantevernmiddel 

Ved bruk av plantevernmiddel skal du ha autorisasjon og føre sprøytejournal. Du må berre bruke godkjente middel og hauste etter at behandlingsfristen er over. Les meir i Veileder til forskrift om plantevernmidler

Regelverk

Forskrift om plantevernmidler