Kunngjøring

Pærebrann påvist i Sula kommune

Publisert 06.10.2021     Sist endret 06.10.2021
Symptom på Infeksjon av pærebrann (Erwinia alymovora) i eplesorten Aroma’
Foto: Mattilsynet

Mattilsynet oppmodar hagesentre, fruktdyrkarar og andre om å vere på vakt for smitte av pærebrann.

Pærebrann er ein alvorleg plantesjukdom i eple- og pæredyrking som er forårsaka av bakterien Erwinia amylovora. Sjukdommen er i Norge etablert i ytre kyststrok frå Agder til Romsdal. Hovudmålet for arbeidet med pærebrann er å hindre at sjukdommen spreier seg til område med kommersielt viktig fruktproduksjon og til deler av landet utan smitte.

Dette er første funn av pærebrann i Sula kommune. Pærebrann vart for første gong påvist på Sunnmøre i 2012, då på Ellingsøy (Ålesund kommune), Giske og i tidlegare Haram kommune. Sidan den gong har ein òg funne pærebrann i Misund kommune, Sande, Herøy, Ørsta, Volda og Ulstein kommunar i Møre og Romsdal.

Mattilsynet vil no kartlegge omfanget av utbrotet av sjukdommen.

Kva hagesentra og fruktdyrkarar generelt bør gjere

Det er i år gunstige forhold for infeksjon av pærebrann. Mattilsynet oppmodar derfor hagesentra og private hageeigarar å:

  • være på vakt for smitte av pærebrann både i frukthagen/hagesenteret og i området rundt. I tillegg til bulkmispel, ver også merksam på smitte i småblada mispel (vintermispel og krypmispel).
  • melde frå til Mattilsynet ved mistanke om pærebrann.
  • rydde lett mottakelege vertplanter rundt hagesenteret/frukthagen.

Det er gjort eit omfattande kartleggings- og ryddearbeid for å hindre at sjukdommen vert spreidd til viktige fruktdistrikt, til nærområda til hagesentre, samt å hindre spreeing lengre nord. Møre og Romsdal er det nordlegaste området for pærebrannsmitte i Noreg. Dette er ei oppgåve som det offentlege ikkje kan klare åleine, difor er det svært viktig at alle bidreg til å fjerne dei mest mottakelege vertplantene (bulkemispel og pilemispel).

Kva kan du som privatperson gjere sjølv?

For å stoppe vidare spreiing av pærebrann oppfordrar vi alle til å

  • fjerne lett mottakelege vertplanter som bulke- og pilemispel. Dette er den beste måten å hindre at pærebrann spreier seg videre.
  • fjerne misplane frå hagen ved å kappe plantene heilt ned. Planteavfall kan du legge på kompost eller flise opp og legge tilbake i bedet.

Det finns ingen lovlege kjemiske plantevernmiddel mot pærebrann, men du kan hindre gjenvekst av planta ved å bruke glyfosat på stubben. Glyfosat er eit plantevernmiddel og må behandlast deretter. Følg instruksjonane på emballasjen.

Hald av bier og pærebrann

Det er forbode å flytte bikubar, parebifolk og bidronningar ut av område med pærebrann i perioden frå 1. mai til 10. oktober. Område med pærebrann høyrer til bekjempelsessona eller pærebrannsona i pærebrannforskrifta. Tilsvarande flytteforbod gjeld frå pærebrannsona til bekjempelsessona.

Les meir: Unngå å spre plantesykdommen pærebrann med bier | Mattilsynet

Fant du det du lette etter?