Rettleiaren gjeld, med unntak av fangstbasert akvakultur, for alle akvakulturanlegg som er omfatta av dyrevelferdslova og matlova.
Forskrifta gjeld også for tenesteprodusentar som kan føre med seg smitte eller påverke velferda hos akvakulturdyr. Er du eit notvaskeri, eit slakteri, ein transportørar eller ein annan tenesteprodusent som kan føre med seg smitte eller påverke velferda hos akvakulturdyr i akvakulturanlegg, så gjeld denne forskrifta for deg.
Formålet med rettleiaren er å gje hjelp til å etablere gode styringssystem på fiskehelse- og fiskevelferdsområdet, og å bidra til forbetringskultur i eiga verksemd.
Rettleiaren peikar på leiinga sitt ansvar for å innføre og utøve internkontroll og framhevar dei positive sidene ved at leiinga tek dette ansvaret på alvor og legg opp til eit systematisk styrings- og forbetringsarbeid. Internkontrollarbeidet er først og fremst i verksemda si interesse, med utgangspunkt i problemstillinga: Korleis kan vi heile tida bli betre?
Styringssystema i ei verksemd handlar om å etablere prosessar som dreg produksjonen i rett retning. Dette gjeld til dømes etablering og evaluering av førebyggande tiltak, handtering av avvik, risikovurdering, etablering av prosedyrar og beredskapsplanlegging. Slike prosessar er viktige fordi dei har direkte påverknad på styring av risiko og førebygging av hendingar i drifta.
Tilleggsgevinstar av arbeidet er at desse prosessane gir god innsikt i eigen organisasjon og bidrar til å heve kompetansenivået. Ved at leiinga sjølv deltek og utnyttar kompetansen i verksemda, kan det skapast ein positiv kultur i organisasjonen, ein forbetringskultur.
Mattilsynet ser det er store forskjellar mellom verksemder som har klart å etablere ein forbetringskultur og dei som ikkje har det. Kulturen i verksemda viser seg ofte igjen i helse- og velferdssituasjonen for fisken.
Ein forbetringskultur påverkar også det økonomiske resultatet og verkar inn på trivselen for dei tilsette i verksemda.