Fakta om Bakteriell nyresjuke (BKD)

Publisert 23.05.2013     Sist endret 23.05.2013

Bakteriell nyresjuke (BKD) er ein kronisk sjukdom som følgje av infeksjon med bakterien Renibacterium salmoninarum. Mattilsynet skal straks ha melding ved mistanke om sjukdommen.

BKD er ikkje farleg for menneske. Sjukdommen rammer berre laksefisk. Laks, Regnbogeaure, Røye og Harr er alle mottakelege for denne fiskesjukdommen.

Sjukdommen kan ramme oppdrettsnæringa hardt, men det har ikkje vore mange sjukdomsutbrot i Noreg dei siste åra. Talet på påviste tilfelle toppa seg i 1990. Påviste sjukdomstilfelle har gått kraftig ned etter at det blei sett i verk fleire sjukdomsførebyggjande tiltak kring 1990. Sjukdommen reknast ikkje som ein stor trussel mot villfisken i Noreg.

Det blir oftast ikkje nytta medikament eller vaksiner mot denne sjukdommen. Viktigaste tiltaket er å unngå infeksjon. Det blir elles gjort vedtak av Mattilsynet om restriksjonar ved mistanke om eller påvist diagnose. Det omfattar mellom anna strykeforbod og omsetningsforbod ved stamfiskanlegg med mistanke om smitte. Mattilsynet forbyr vidare flytting av fisk med risiko for smitte. Sjøanlegg som får påvist sjukdommen blir i tillegg brakklagt i ein bestemt periode, og nye innsett blir ikkje akseptert før anlegget er tømt, reingjort og desinfisert. Fleire andre tiltak er aktuelle.

Ved utbrot vil Veterinærinstituttet i samarbeid med Mattilsynet gjennomføra smittesporing for å kartleggje smittekjelde og mogleg smitteoverføring til andre anlegg eller fiskegrupper.

Bakteriell nyresjuke blei første gang funne i Noreg i 1980 og blei oppdaga i Skottland kring 1930.

Les mer: Veterinærinstituttet: Fakta om Bakteriell nyresjuke (BKD) 

Fant du det du lette etter?