ESA-rapport: Noregs kontroll med produksjon av fiskerivarer og fiskeolje til konsum 2022

Publisert 01.11.2022     Sist endret 01.11.2022

EFTA sitt overvakingsorgan (ESA) har publisert ein rapport der dei tilrår at Mattilsynet styrker kontrollen med produksjon av fiskerivarer og fiskeolje til konsum. Rapporten kjem etter ein revisjon i mars 2022.

Kva undersøkte ESA?Mattryggleik ved produksjon av fiskerivarer, inkludert fiskeolje
Tidsrom for inspeksjon:7-16. mars 2022
Kva kontrollerte ESA?Målet med revisjonen var å verifisere at offentleg kontroll av fiskerivarer, inkludert fiskeolje til konsum, er i tråd med gjeldande EØS-reglar.
Kva fann ESA?
  • ESA fann at systemet for offentleg kontroll i Noreg dekker produksjon av fiskerivarer frå fangst til forbrukar.
     
  • Frekvensen av kontrollen er ikkje alltid i samsvar med frekvensane som Mattilsynet har fastsett gjennom sitt system for risikobasert tilsyn.
     
  • Mattilsynet fylgde ikkje alltid  etablerte prosedyrar ved godkjenning av verksemder.
Korleis følger Mattilsynet opp?Mattilsynet har utarbeida ein plan for tiltak for å fylgje opp anbefalingane. Planen for tiltaka ligg ved ESA-rapporten.

 

Her kan du lese ESA-rapporten og tilbakemeldingane frå Mattilsynet:  Audit to Norway from 7 to 16 March 2022 to verify compliance with the applicable EEA food safety legislation governing the production of fishery products, including fish oil for human consumption, and the implementation of official controls thereon

Fant du det du lette etter?