Varsle Mattilsynet

Publisert 27.09.2012     Sist endret 11.02.2021

Du kan varsle Mattilsynet om ulike forhold knytta til dyr, mat, drikkevatn, planter og kosmetikk. Nedanfor står det kva du kan varsle om, og om du skal sende ei skriftleg bekymringsmelding eller ringe Mattilsynet. Det står også i kva tilfelle du skal varsle politiet i staden for Mattilsynet. 

Vi vurderer varselet ditt så snart som mogleg og avgjer om det er nødvendig å gå på inspeksjon eller følge opp saka på annan måte. Mattilsynet har ikkje ressursar til å følge opp alle varsel. Dette gjeld særleg varsel om mindre alvorlege forhold og varsel som er mangelfulle eller lite truverdige. Varslaren er ikkje part i saka og kan ikkje krevje å få vite om og eventuelt korleis Mattilsynet følger opp varselet.

Dyr

Blir dyr mishandla eller utsett for andre alvorlege brot på dyrevelferdsloven?

Send skriftleg bekymringsmelding dersom nokon

  • utsett dyr for vald eller anna brutal behandling
  • ikkje gir dyr nok fôr eller vatn
  • ikkje gir alvorleg sjuke eller skadde dyr forsvarleg behandling
  • har forlate dyr i hjelpelaus tilstand
  • held dyr utandørs utan å gje dei tilgang til opphaldsrom (gjeld ikkje storfe, sau, geit og hest i beitesesongen)
  • held dyr på stader som er farlege, svært skitne eller av andre grunnar er heilt ueigna for dyra
  • held dyr i strid med forbod mot å halde dyr (såkalla aktivitetsforbod)

Ring Mattilsynet på tlf. 22 40 00 00 dersom det er nødvendig å gripe inn straks for å hindre at dyr døyr eller blir påført store belastningar.

Har du køyrt på eit dyr eller funne eit sjukt, skada eller hjelpelaust dyr? 

Hjelp dyret så godt du kan. Treng dyret meir hjelp, varsle eigaren dersom du veit eller raskt kan finne ut kven det er. Får du ikkje varsla eigaren, ring politiet på tlf. 02800

Gjeld det viltlevande dyr, ring politiet på tlf. 02800.

Vil du varsle om lause hundar, farlege hundar, hundar av ulovlege rasar eller andre ordensproblem med dyr?

Ring politiet på tlf. 02800.

Har dyr symptom på smittsam sjukdom som opptrer brått?

Ring Mattilsynet på tlf. 22 40 00 00. Les meir om dyresjukdom.

Er du næringsdrivande og vil varsle om døde produksjonsdyr eller om sjukdom og dårleg velferd hos fisk, sjå Kontakt oss om korleis du varslar Mattilsynet.

Er mange ville eller heimlause dyr utsett for sjukdom, skade eller andre unormale belastningar?

Ring Mattilsynet på tlf. 22 40 00 00.

Er dyrefôr forureina, smittefarleg eller innført ulovleg?

Send skriftleg bekymringsmelding.

Vil du varsle om noko som gjeld veterinærar eller anna dyrehelsepersonell?

Send skriftleg bekymringsmelding.

 

Mat og drikkevatn

Har nokon blitt sjuke av mat eller drikkevatn?

Send skriftleg bekymringsmelding, men les denne veiledningen først

Ring Mattilsynet på tlf. 22 40 00 00 dersom det er utbrot av matboren sjukdom som kan smitte mange menneske eller menneske som har nedsett immunforsvar.

Blir mat produsert, omsett eller innført ulovleg?

Send skriftleg bekymringsmelding.

Er det mangelfulle opplysningar om allergen?

Send skriftleg bekymringsmelding.

Vil du varsle om noko anna som gjeld mat eller drikkevatn?

Send skriftleg bekymringsmelding. Er du vassverkseigar og har mistanke om at drikkevatnet ikkje er helsemessig trygt, sjå beredskap for drikkevatn.

 

Andre forhold

Vil du...

varsle om noko som gjeld planter?

Send skriftleg bekymringsmelding. Er du næringsdrivande og vil varsle om karanteneskadegjerarar på planter, sjå Planteskadegjerarar.

varsle om noko som gjeld kosmetikk?

Send skriftleg bekymringsmelding.

rette kritikk mot Mattilsynet?

Sjå Varsling om kritikkverdige forhold.

varsle om kritikkverdige forhold der du er ansatt?

Sjå Varsling om kritikkverdige forhold.