Bekymringsmelding
- du er bekymra for at dyr har det vondt, og du veit kor vi kan finne dyret eller dyra
- nokon har blitt sjuke av mat eller drikke
- mat blir produsert, omsett eller innført ulovleg (velg temaet "Anna" i lista under)
- det er mangelfulle opplysningar om allergen på matvarer, restaurantar, kantiner, bakeri og liknande (velg temaet "Anna" i lista under)
- dyrefôr er forureina, smittefarleg eller innført ulovleg (velg temaet "Anna" i lista under)
- du er bekymra for noko anna som gjeld mat, drikkevatn, dyr, plantar, dyrehelsepersonell eller kosmetikk (velg temaet "Anna" i lista under)
Har du ei bekymringsmelding om smitteverntiltak på serveringstader og i matbutikkar? Ta kontakt med kommunen virksomheten ligg i.
Er tilfellet akutt? Sjå kven du kan ringe
Mattilsynet behandlar bekymringsmeldinga så snart som mogleg. Da vurderer vi alvoret i saka og kva vi kan og bør gjere. Meldinga blir behandla av det avdelingskontoret som ligg nærmast det postnummeret som du har oppgitt.
Du blir ikkje rekna som part i saka sjølv om du har sendt oss melding. Vi har ikkje høve til å orientere deg om kva som skjer vidare i saka.
Vi vurderer alle bekymringsmeldingar. Verkar saka alvorleg, dreg vi ut og inspiserer staden. Dersom vi allereie arbeider med saka, er det ikkje alltid nødvendig med ein ny inspeksjon. Useriøse og mangelfulle meldingar blir lagt til side.