Kommersielle fjørfe- og svinehald har smitteførebyggande tiltak

Noreg har svært god dyrehelse, men dei siste åra har fleire alvorlege dyresjukdommar blitt påviste i dyrehald i Noreg.

Publisert

Kvifor vel Mattilsynet å prioritere dette i 2025?  

Fugleinfluensa blir påvist jamleg på ville fuglar i heile landet. Sjukdommen har også blitt påvist i kommersielle fjørfehald og i hobbyfuglehald. Vi må venne oss til, og ta utgangspunkt i, at det finst fugleinfluensasmitte til ei kvar tid hos ville fuglar i Noreg. Du må planlegge smittevernet ut frå dette.

Svinesjukdommen afrikansk svinepest kryp stadig nærmare, sjukdommen blei mellom anna påvist på villsvin i Sverige hausten 2023. I januar 2025 blei det påvist munn- og klauvsjuke i Tyskland. Dette er alvorlege dyresjukdommar som fører til sjukdom og død, og utbrot vil medføre avliving og sanering i dyrehaldet.  

Førebygging er betre enn handtering av sjukdomsutbrot. Den beste måten å verne eige dyrehald mot smitte, er å ha rutinar som sikrar godt smittevern. Mattilsynet vil derfor halde fram med å jobbe for at alle som har fjørfe og svin har godt smittevern på eigen gard.  

Korleis planlegg Mattilsynet å jobbe med dette?  

Fordi smittevern og førebygging er så viktig, er det eigne reglar for dette. Mattilsynet vil informere og rettleie om desse regelverkskrava på fleire ulike arenaer. Vi samarbeider med næringa for å spreie informasjon og kunnskap om korleis du best kan verne ditt eige dyrehald mot smitte. Vi vil også rettleie om smittevern når vi er på tilsyn i dyrehald med fjørfe og svin.  

I 2025 skal vi føre tilsyn med om krava til smittevern blir følgde i anlegg med svin og anlegg med fjørfe.

Kva betyr dette for deg, og kva kan du forvente?     

Tilsyn i fjørfehald vil bli gjennomført samtidig som vi tar ut prøver for Salmonella. Ein del av tilsyna vil derfor vere varsla i forkant. Da er det fint om du har alle aktuelle dokument (for eksempel smittevernplan, planteikning over dyrerom) klare når vi kjem på tilsyn. På tilsynet vil vi sjå på smittevernrutinane i dyrehaldet, og kva du som dyreeigar pliktar å gjere ved mistanke om smittsam dyresjukdom i dyrehaldet ditt.

Tilsyn i dyrehald med svin vil bli gjort samtidig med kontroll av dyrevelferd i kombinertbuskapar. Desse tilsyna vil som hovudregel vere uvarsla. Vi vil sjå på smittevernrutinane i dyrehaldet ditt og informere om kva du som dyreeigar plikter å gjere ved mistanke om smittsam dyresjukdom. Vi kontrollerer og at du fører journal over helseopplysningar om dyra dine.

Du bør gå gjennom eigne rutinar for smittevern regelmessig, og minst ein gong i året. Da bør du sjekke at smittevernrutinane du har på garden din vernar dyra dine mot smitte. Du må og sikre at rutinane er gode nok for smittesituasjonen der du bur. Dei skriftlege rutinane må vere i tråd med det du gjer i praksis, elles er dei lite verd. 

Tilsynsmalar

Tilsynsmalane vi vil bruke:

Krav til smittevern

Andre relevante lenker