Furunkulose

Publisert 02.07.2013     Sist endret 07.01.2014

Klassisk furunkulose er ein smittsam bakterieinfeksjon som kan ramme laksefisk både i sjø og ferskvatn. Det er registrert få utbrot av denne sjukdommen i Noreg dei siste åra.

Noreg hadde hyppige sjukdomsutbrot av furunkulose på slutten av 1980-årene og byrjinga på 90-talet. Etter dette blei det sett i verk smittehygieniske tiltak og vaksinasjonsprogram som førte til at utbrot av sjukdommen blei kraftig redusert.

Furunkulose er ein listeført sjukdom og eventuelle utbrot av sjukdommen i akvakulturanlegg skal varslast til Mattilsynet. Mattilsynet kan gjere vedtak om ulike smitteførebyggande tiltak etter Forskrift om smittsame sjukdommar, akvatiske dyr.

Utbrot av furunkulose i Noreg har i hovudsak vore knytt til oppdrettsnæringa, men sjukdommen er også registrert i ferskvatn innanlands utan at sjøvatn har vore mogleg smittekjelde. Utbrota som vi hadde i Noreg på 1960- og 1980-talet starta i samband med import av fisk frå utlandet.

Furunkulose ser vi oftast i periodar på året der temperaturen kjem over 10 grader i vatnet.

Atypisk furunkulose

Bakteriane som fører til klassisk eller typisk furunkulose slektar på bakteriane som fører til atypisk furunkolose. Ulike variantar av atypisk furunkulose rammar ein rekke fiskearter og er mellom anna kjend frå oppdrett av torsk, steinbit, kveite og leppefisk. Bakteriane blir også funne i villfisk.

Fant du det du lette etter?

Kontaktinformasjon

Magnhild Daltveit, seniorrådgiver, seksjon fiskehelse og fiskevelferd, regionkontoret Hordaland og Sogn og Fjordane, tlf. 55 21 57 33


Kontaktinformasjon

Magnhild Daltveit, seniorrådgiver, seksjon fiskehelse og fiskevelferd, regionkontoret Hordaland og Sogn og Fjordane, tlf. 55 21 57 33