Risikovurdering av Salmonella diarizonae

Publisert 29.01.2013     Sist endret 29.01.2013

På oppdrag frå Mattilsynet har Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM) gjort ei risikovurdering av bakterien Salmonella diarizonae, som ein især finn hjå sau. Målet er å få til ei einsarta forvalting kor helse, internasjonale plikter og nasjonale næringsinteresser er tatt omsyn til.

Noreg hevdar å ha ein husdyrpopulasjon som er tilnærma fri for Salmonella. Men det har lenge vore kjent at ein variant (Salmonella diarizonae) har funne fotfeste hjå sau i somme distrikt. Bakterien vert sett på som ufarleg for menneskje og berre i somme høve skadeleg for dyr. Det har gitt opphav til ulik forvalting av konkrete saker og i forhold til andre salmonellabakterier.

I rapporten, som nå ligg føre, vurderer Vitskapskomiteen Salmonella diarizonae til å ha marginal interesse som årsak til infeksjonar hjå menneskje, men at den har noko større innverknad på dyr. I infiserte områder trur ein at 15 til 20 prosent av saueflokkane kan vera smitta. Berekningar som Vitskapskomiteen har gjort, indikerer at så mange som 15 000 sauer eldre enn eitt år kan bera bakterien i seg. Lam ser ut til i liten grad å vera utsette for smitte. Det er lite ein kan gjera for å sanere smitten. I nåverande situasjon er det viktigaste tiltaket å førebyggja smitte til nye områder.

Mattilsynet vil leggja rapporten til grunn i arbeidet vidare.

Vitenskapskomiteen for mattryghet (VKM): Salmonella diarizonae under norske forhold 

Fant du det du lette etter?

Kontaktinformasjon

Kjell Hauge, seniorrådgjevar, seksjon for landdyr og dyrehelsepersonell, hovudkontoret
 


Kontaktinformasjon

Kjell Hauge, seniorrådgjevar, seksjon for landdyr og dyrehelsepersonell, hovudkontoret