Papegøyesjuke

Publisert 15.07.2016     Sist endret 15.07.2016

Pagegøyesjuke er ein alvorleg bakteriesjukdom hjå fjørfe. Papegøyesjuke blir og kalla for ornitose eller psittakose. Det er stort sett burfugl som papegøye, undulat og liknande som vert smitta.

Sjukdommen er ein zoonose. Det betyr at sjukdommen kan smitte frå dyr til menneske. Ein trur at burfugl over heile verda ber sjukdommen i seg. Menneske blir smitta ved å puste inn smittestoff ved nærkontakt med smitta fuglar eller avføring frå fuglane. Fuglane treng ikkje å være sjuke. Smitte mellom menneske er ikkje vanleg.

Symptom på sjukdommen

Fuglar kan verta smitta av papegøyesjuke utan å vise symptom på sjukdom. Symptoma kan og være lite tydelige. I nokre tilfelle kan smittestoffet gje alvorleg sjukdom i luftvegar, milt, lever og mage/tarm. Det mest vanlege er at fuglane får  milde symptom frå luftvegar, diarè og ein generell nedsett allmenntilstand. Behandling er antibiotika.

Menneske får sår hals, hoste, feber, hovudverk, muskelsmerter, langvarig slapphet. Kan og gi kvalme, brekningar, diaré og magesmerter. Behandling er antibiotika. Ta kontakt med lege dersom du trur at du er smitta. Fuglen din skal og behandlast med antibiotika.

Det er vanskeleg å skilja symptoma frå dei ein ser ved andre sjukdomar. Sikker diagnose kan berre stillast ved å testa blod og organ.

Nokre tilfelle kvart år

Det vert oppdaga nokre få tilfelle av Papegøyesjuke i Norge kvart år. Som oftast er det fugl som er innført frå andre land. Sjuke individ vert anten behandla med antibiotika eller avliva.

Papegøyesjuke er ein  B – sjukdom. Har du mistanke om sjukdomen skal du melda frå til Mattilsynet. 

Kontakt oss

Mattilsynets sentralbord
telefon 22 40 00 00

 

Innhold på siden



Innhold på siden



Lukk

Innhold på siden