Faktaartikkel

Tall om skrapesjuke

Publisert 07.12.2012     Sist endret 21.03.2013

Skrapesjuke er ein dødeleg sjukdom i sentralnervesystemet hos sau og geit. Sjukdomen har fleire fellestrekk med andre sjukdomar hos dyr (kugalskap) og hos menneske (Creuzfeld Jakob's sjukdom.)

Skrapesjuke har eksistert i ca. 250 år i Europa. Skrapesjuke vart første gong påvist hos norske dyr i 1981. I 1996 var det ein topp med 31 utbrot. I samanheng med dette vart det dette året, i tillegg til dei 31 buskapane med utbrot av sjukdommen, slakta ned fleire hundre kontaktbuskapar i Rogaland og Hordaland.

Etter 1997 har det vore eit omfattande overvakings- og kontrollprogram mot skrapesjuke. Alle småfebuskapar i Noreg får regelvisst vitjing av veterinær, og det vert teke ut prøver av tilfeldige vaksne dyr ved slakting og av vaksne dyr som døyr eller vert avliva. Prøvetakinga føregår gjennom heile året, og kvart år vert det teke prøvar av 13 – 14 000 dyr.

 

Påviste tilfelle av skrapesjuke i Noreg sidan 1981
ÅrTilfeller

1981

1
19820
19830
19840
19851
19860
19871
19880
19890
19900
19911
19921
19931
19942
19958
199631
19975

 

I 1998 vert ei ny form for skrapesjuke oppdaga og skildra for første gong i Noreg – atypisk skrapesjuke Nor98. Etter det skil ein mellom klassisk skrapesjuke og Nor98.

 

Påviste tilfelle av skrapesjuke i Noreg sidan 1998
ÅrNor98 Klassisk

1998

2 1
19991 2
20003 2
20012 1
20029 1
200314 1
200414 1
20054 0
20069 1
20079 0
20087 0
200912 1
20104 0
20116 0
20126 0

 

Eit av tilfella av atypisk skrapesjuke Nor98 i 2006 var på geit, ellers er skrapesjuke berre påvist hjå sau.

Klassisk skrapesjuke er ein overførbar sjukdom, men det ser det ikkje ut til av Nor98 er det. Det vert diskutert om Nor98 kan oppstå spontant, det vil seia at den kan opptre utan at det ligg føre nokon form for smitte.

Se også tallene fremstilt i diagramsform: Skrapesjuke statistikk 1980 til 2012.

Fant du det du lette etter?

Publikasjoner


Publikasjoner