Faktaartikkel

Farlege gjerde for dyr

Publisert 06.10.2020     Sist endret 06.10.2020

Dyrevelferdsloven) § 15 regulerer bruk av gjerde som kan vere farlege for dyr. Mattilsynet kan gi den ansvarlege for eit farleg gjerde pålegg om nødvendige tiltak. Dersom pålegg ikkje blir etterkome, kan Mattilsynet sjølv iverksette tiltak.

Forbod mot piggtrådgjerde

Sidan 2010 har det vore forbode å sette opp nye piggtrådgjerde for å regulere ferdselen til dyr. Ved vedlikehald av eldre gjerde skal det ikkje nyttast piggtråd. Eldre piggtrådgjerde som opplagt er farlege for dyr, skal fjernast. Den ansvarlege for eit gjerde skal sørge for vedlikehald, sikring og ei eventuell fjerning av gjerdet. Den ansvarlege vil vanlegvis vere grunneigaren.

 Sjå retningslina til Mattilsynet om tilsyn med piggtråd

Om elektriske nettinggjerde

Elektriske nettinggjerde med tynne plast- eller glassfiberstolpar vert selt i rullar. Mattilsynet har sett fleire høve der særleg sauer og lam har sett seg fast i slik gjerde, ofte med fatalt utfall. Ein del hytteeigarar nyttar slike gjerde for å halde sau borte frå terrassar og plen på eigedomen. Elektrisk nettinggjerde er meint å vere tilkopla straum. Utan straum er desse gjerda  ei felle og fangar dyr på tilsvarande måte som fisk vert fanga av fiskegarn. Det er difor svært viktig at elektriske gjerde vert brukt med straum og under dagleg tilsyn. Det er ikkje forsvarleg å bruke slike gjerde utan straum.  Til bruk kring hytter er dei difor i praksis ueigna.

Anna lovverk

Av loverk som ikkje Mattilsynet forvaltar, har grannegjerdelova òg krav om at gjerde ikkje skal vere farlege for dyr, og at farlege gjerderestar skal fjernast. Nokre kommunar har forbod mot piggtråd som omfattar dei eldre gjerda.  Kommunale reguleringsplanar for hyttefelt har òg ofte reglar om gjerde.

Fant du det du lette etter?