Forsøksdyr: Using TAK1 and IAP-inhibitors to reduce osteoclast numbers.


Godkjenningsdato 16.08.2018

Auka beindegradering er årsak til beinskjørheit og leddgikt. Våre forsøk frå cellekultur viser at kjemikaliane NG25, 5z-7-oxozeanol, LCL-161 og birinapant gir celledød i beindegraderande osteoklastar. LCL-161 og birinapant er under klinisk testing som kreftmedisinar. Her vil vi teste om kjemikaliane kan bremse generell beindegradering og beinmargskreft-assosiert beindegradering i mus. Dette er nødvendig for å vite om dei kan ha potensiale som behandling mot beindegradering.

Doseavgrensande toksisitet for LCL og birinapant er cytokine release syndrom (CRS), er kjenneteikna ved auka nivå av generell inflammasjon. For 5z7 er det ikkje rapportert toksisitet. Kliniske symptom på midt CRS er er oppkast, diare, feber, kløe, fatigue og muskelvondt. Mild CRS er reversibel gjennom avslutning eller nedtrapping av behandling

Forsøk 1. Effekt av inhibitorar på beinhomeostase i unge B57BL/6-mus.
1.1 Pilotforsøk tidstitrering. For å teste lengd på behandling vil vi teste effekten av inhibitor på beinintegritet gjennom intraperitoneal injeksjon av C57B/6-mus 2 gonger i veka i 3, 4, 5 og 6 veker + ubehandla kontroll. Med 4 mus i kvar gruppe og 5 grupper vert det totalt 20 mus. Birinapant vil nyttast i dette forsøket ettersom det har hatt klarast effekt in vitro.

1.2 Effekt av inhibitorar på osteoklastantal og beinintegritet i unge B57BL/6-mus.
Intraperitoneal injeksjon 2 gonger i veka – lengde basert på forsøk 1. For birinapant og 5z7 nyttast dosar kjent frå publisert litteratur. NG25 har ikkje før vore testa in vivo, så her vil vi teste tre ulike dosar. 8 mus/gruppe, 6 grupper (inkl kontroll) = 48 dyr. LCL-161 blir gitt oralt; med kontrollgruppe blir det 8 mus/gruppe x 2 grupper = 16 dyr.

Forsøk 2. Effekt av inhibitorar på myelom-indusert beindegradering.
RAG2/gammaC-knockout mus nyttast til tumor-overføringsmodellen då desse manglar det adaptive immunsystemet som vil fråstøte dei innførte beinmargskreftcellene. Vi vil gå vidare med to inhibitorar som har effekt i forsøk 1, og teste om dei har effekt på også på myelom-indusert beindegradering. Vi vil bruke ein tidligare testa modell med injeksjon av JJN3 myelomcellelinjer intratibialt. Etter 21 dagar har desse forårsaka tydelige beinlesjonar. Erfaring viser at minste antal dyr per gruppe er rundt 12. To behandlingsgrupper + ei kontrollgruppe (to kontrollgrupper om behandling med LCL-161 då denne administrerast oralt og må ha eiga oral sham-gruppe) gir maksimalt antal dyr 48.

Replace: Vi testar berre drugs som har ei klar effekt in vitro. For å finne alternativ vart det gjort pubmedsøk på “IAP-inhibitors bone degradation” og “TAK1-inhibitors bone degradation”.

Reduce: Små nok grupper til å unngå unødvendig liding, men store nok grupper til å ha margin for feil undervegs så repetisjon ikkje er nødvendig. Vi vil gjennomføre først forøk 1, så 2, og deretter 3. Berre sambindingane som har effekt i forsøk 2 bli testa i forsøk 3.

Refine:. Vi brukar dosar som er under konsentrasjonar som gir sideeffektar. For NG25 vil vi teste tre dosar, og følge dyra nøye.